Nytt ÅKP-kontor i Herøy
Flyttar inn på Mjølstadneset.
ÅKP, Mafoss og klyngene, GCE Blue Maritime Cluster og NCE Blue Legasea, vil framover dele på eit kontor ved Fosnavåg Næringspark.
Kontoret i det nye «Horisont»-bygget på Mjølstadneset vil i hovudsak vere bemanna av Robert Voldnes i ÅKP Entreprenørskap, i lag med Jan Thormodsæter og Jannike Tuvik Skarbø i Mafoss, ifølgje ei melding på ÅKP si heimeside.
- Vi har tru på å samarbeide på denne måten, og trur at eit slikt felleskontor er fornuftig. No er vi i gang med å planlegge kva slags aktivitetar ÅKP skal legge her ute, seier seniorrådgjevar og kompetansemeklar i ÅKP, Robert Voldnes – som kjem til å ha delt arbeidsstad mellom Fosnavåg og ÅKP-kontoret i Ulsteinvik.
Publisert: 12.09.2022 20:06
Sist oppdatert: 12.09.2022 20:07