FS Bergen
ÅLESUND: Sea Marine i Ålesund har kjøpt FS Bergen. Foto: Marine Traffic
Kort fortalt

Nytt Ålesund-firma kjøper offshoreskip

Har kjøpt det 15 år gamle forsyningsskipet FS Bergen.

15.10.2021

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet har Ålesund-firmaet Sea Marine kjøpt forsyningsskipet FS Bergen. Nytt namn på fartøyet er Bergen.

Sea Marine vart etablert i juni i år. Bak selskapet står Jarle-Petter Jøsok.

FS Bergen vart bygd på Myklebust Verft i 2006. Båten har vore eigd av både Fletcher Group og Standard Drilling.

Forsyningsskipet er 73,4 meter langt, 16,6 meter breidt og har eit dekk på 720 kvadratmeter.

Deet er ikkje opplyst kva båten skal brukast til.

Ifølgje Marine Traffic ligg FS Bergen no i Edinburgh.

Publisert: 15.10.2021 13:49

Sist oppdatert: 15.10.2021 13:57

Mer om