Kort fortalt

Nær dobling i importen av elsyklar

Importert 60.900 elsyklar i fjor.

15.05.2019
NPK-NTB: Det er ein auke på 42 prosent frå året før.
Over halvparten av syklane kjem frå Kina, ifølgje ferske tal frå
– På dei neste plassane på lista over dei største eksportørane av elsyklar til Noreg finn vi Tyskland og Taiwan. Det er det same bildet som året før, seier førstekonsulent Kjersti Fjærtoft Fossanger i SSB.
Medan importen av elsyklar i fjor auka med 42 prosent, auka han berre med 3 prosent for ordinære syklar. Det blir likevel importert mange fleire ordinære syklar enn elsyklar – rundt 335.000 syklar vart importerte i 2018.
– Også her er det Kina vi importerer klart mest frå. Rundt 60 prosent av importen av vanlege syklar i fjor kom frå Kina, medan i overkant av 20 prosent kom frå Taiwan. Andre viktige sykkeleksportørar til Noreg er Indonesia og Kambodsja, seier Fjærtoft Fossanger.

Publisert: 15.05.2019 09:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34