Kort fortalt

Nær fleirtal for H+Frp

Høgre og Frp går mykje fram.

NPK
23.06.2022

Frp går fram 3 prosentpoeng og Høgre nesten like mykje på ei ny partimåling. Dei to partia får fleire mandat enn heile venstresida.

Samla har Høgre og Frp 44,9 prosent av veljarane bak seg og manglar berre to mandat for å få stortingsfleirtal i målinga Norstat har gjennomført for Vårt Land.

Høgres framgang er på 2,3 prosentpoeng til 29,1 prosent, medan Frp får 15,8 prosent. Samla er dette den beste målinga til partia sidan 2013.

Ap går likevel ned 3,4 prosentpoeng til berre 20,5 prosent. Berre 57 prosent av dei som stemde Ap ved førre val, ville stemt det same på nytt. Partiet taper rundt 20.000 veljarar til SV og heile 65.000 til Høgre.

– Vi må opp frå denne målinga. Vi har ein jobb å gjere for å løfte oss, seier partisekretær Kjersti Stenseng i Ap.

Sp går opp 1,2 prosentpoeng til 7,3.

Hadde målinga vore valresultatet, ville Høgre fått fleire stortingsrepresentantar enn Ap og Sp til saman. Ap, Sp, SV, Raudt og MDG får berre 82 representantar, mot 83 for Høgre og Frp.

Høgre-leiar Erna Solberg meiner at alle fire parti bør med i eit borgarleg samarbeid. Men gir valet eit resultat som på målinga, vil ein Høgre/Frp-regjering vere «mest naturlig», trur ho.

Partia måler som følgjer (endring frå mai i parentes):

Raudt: 5,3 (-1,2), SV: 8,5 (+1,2), Ap: 20,5 (-3,4), Sp: 7,3 (+1,2), MDG: 3,8 (+0,8), KrF: 2,6 (-2,1), Venstre: 3,5 (-1,2), Høgre: 29,1 (+2,3), Frp: 15,8 (+3), andre: 3,6 (-0,7).

Publisert: 23.06.2022 17:01

Sist oppdatert: 23.06.2022 17:02

Mer om