Kort fortalt

– Nærmar oss 4 prosent rente

Økonomiprofessor meiner regjeringa har forlatt budsjettdisiplinen.

Marius Rosbach
11.05.2023

(NPK-NTB): Økonomiprofessor Ola Grytten meiner regjeringa i revidert nasjonalbudsjett til dels har måtta forlate den budsjettdisiplinen dei viste i haust.

– Det er dels for å kompensere for prisstigninga, og dels truleg fordi det er kommuneval, seier Grytten, som er professor ved Noregs handelshøgskole (NHH).

Han meiner at det er vanskeleg å sjå for seg at den auka pengebruken ikkje vil verke inflasjons- og rentedrivande.

– Det er ikkje lett å seie kor stor effekt han vil ha, men vi nærmar oss 4 prosent rente endå meir enn før.

Grytten seier det var ei forventning om at mange vil få kompensert for prisstigninga i haust og vinter.

– Men viss du har inflasjon som kjem av for mykje pengar i systemet, og kompenserer med auka pengebruk – då må ein heller bite i det sure eplet og sørgje for at det ikkje blir kompensert.

Budsjettet er nok «litt mer spandabelt» enn Noregs Bank hadde tenkt, meiner Grytten. Han kallar også det auka uttaket frå oljefondet «litt paradoksalt».

– Dei bevegar seg heilt på grensa, og normalt vil ein tenkje at med stor mangel på arbeidskraft i dei fleste bransjar vil ein ta ut mindre i staden.

Han understrekar likevel at det neppe har vore noka lett oppgåve for regjeringa.

(©NPK)

Publisert: 11.05.2023 10:46

Sist oppdatert: 11.05.2023 10:50

Mer om