NPK: Olje- og energidepartementet (OED) avslår søknadane frå SFE Produksjon AS om å få byggje Gjengedal kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.
– Regjeringa ønsker at me skal nytte dei fornybare energiressursane våre. Samstundes må me ta vare på verdifullt landskap og biologisk mangfald. I denne saka har me lagt avgjerande vekt på verdifullt biologisk mangfald og Gjengedalsfossen som landskapselement, seier olje- og energiminister Terje Søviknes i ei pressemelding.
I vedtaket departementet det slik at dei samfunnsmessige fordelane ved utbygging av Gjengedal kraftverk er mindre enn skadane på natur og miljø eller andre allmenne interesser.
– Gjengedalsfossen har stor nasjonal verdi. På grunn av det uvanleg store naturmangfaldet ved Gjengdalsfossen og betydning som landskapselement, er det viktig at me lar dette området bli verande urørt. Me tar no vare på store naturverdiar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.
SFE Nett AS søkte i samband med kraftverket om å få byggje ei ny 132 kV kraftleidning frå Gjengedal til Storebru. Denne søknaden er også avslått.

Publisert: 16.05.2018 16:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39