Kort fortalt

Offentleggjer Alexander Kielland-rapport

Vil vise kva granskingskommisjonen gjorde.

29.08.2019
NPK-NTB: Arkivet etter granskingskommisjonen for Alexander Kielland-ulykka er no offentleggjort for å vise kva Kommisjonen gjorde, og kva dei hadde av informasjon.
Plattforma Alexander L. Kielland velta på Ekofiskfeltet i Nordsjøen 27. mars 1980. 123 av dei 212 om bord omkom, medan 30 av dei aldri vart funne.
På bakgrunn av eit Stortingsvedtak om at Riksrevisjonen no skal gjennomgå Alexander Kielland-saka på nytt, har Arkivverket digitalisert og publisert det 20.660 sider store arkivet om ulykka i heilskap på .
Arbeidet som no er offentleggjort dokumenterer både ulykka og redningsarbeidet i detalj, og dessutan kva for data granskingskommisjonen hadde. Også arkiv etter selskapet som eigde plattforma, Stavanger Drilling AS, er .
– Å gjere heile kommisjonsarkivet digitalt tilgjengeleg for alle har vore eit mødesam, men nødvendig arbeid. Dette er viktig dokumentasjon av ei alvorleg hending i norsk historie og Arkivverket ønsker å bidra til openheit rundt ulykka og det etterfølgande arbeidet, seier avdelingsdirektør Tom Oddby i Arkivverket i ei pressemelding.
Rapporten frå granskinga fekk store konsekvensar for sikkerheita på plattformene, som tryggingskurs for alle og rikeleg med redningsutstyr.
Riksrevisjonsarbeidet startar til hausten og vil truleg ta rundt eitt år. Resultatet blir sannsynlegvis overlevert til Stortinget hausten 2020.

Publisert: 29.08.2019 08:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33