NPK-NTB: Statens pensjonsfond utland fekk i tredje kvartal ei avkastning på 2,1 prosent, som svarar til 174 milliardar kroner. Fondet taper på renteinvesteringane.
Det var aksjeinvesteringane til fondet som fekk det klart beste resultatet. Dei voks med 3,1 prosent. Eigedomsinvesteringane fekk ei avkasting på 1,9 prosent, mens renteinvesteringane var ned 0,3 prosent.
Resultatet til oljefondet, som Statens pensjonsfond utland er betre kjent som, vart lagt fram fredag formiddag. Også denne gongen vart fondet slått av referanseindeksen som det måler seg mot med 0,2 prosentpoeng.
Det var først og fremst dei amerikanske aksjane som bidrog til veksten i oljefondet i tredje kvartal. I resten av verda var utviklinga svakare enn i USA.
– Den varierande utviklinga kjem av til dels ulike forventningar til framtidig økonomisk vekst, og usikkerheit knytt til effektane av auka handelsbarrierar, sa leiar Yngve Slyngstad i Noregs Bank Investment Management (NBIM).
Fondet hadde ein verdi på 8.478 milliardar kroner ved utgangen av september.

Publisert: 26.10.2018 10:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37