Kort fortalt

Oljeinvesteringar kan vere ulønsame

Vil tape på mange investeringar gjort etter 2010.

31.10.2019
(NPK): Oljeinvesteringar dei siste åra kan ha vore ulønnsame og ikkje ført til verdiskaping for oljeselskapa, viser ein ny rapport.
Dei fleste investeringar i oljen sidan 2010 har ikkje skapt noka form for verdi for oljeselskapa, viser ein evaluering frå analyseselskapet Rystad Energy.
– Mellom 2010 og 2014 investerte oljeselskapa i rundt 3.000 nye oljefelt. Vi estimerer at om lag 800 av dei ikkje har skapt verdi. I snitt har prosjekta hatt negativ avkasting, seier sjef for oppstraumsaktivitet i Rystad Energy, Espen Erlingsen, til .
Høge utviklingskostnader og låge oljeprisar får skulda. Rapporten viser derimot at investeringar gjort etter 2015 og 2016 vil verte svært lønsame. Rystad Energy ventar ein moderat auke i offshoreaktiviteten framover, medan oljeserviceselskapa framleis vil ha problem på grunn av lågare kostnader.
(©NPK)

Publisert: 31.10.2019 11:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32