Kort fortalt
Oljeprisen hoppar igjen
Vaker rundt 100 dollar fatet.
16.03.2022
Oljeprisen stig igjen onsdag etter eit markant fall tysdag. I morgontimane onsdag vert eitt fat Nordsjøolje handla til vel 102 dollar fatet. Tysdag var prisen nede i vel 98 dollar fatet, etter å ha vore oppe i heile 130 dollar for ei veke sidan.
Carnegie trur at oljeprisen vil halde seg rundt 100 dollar fatet framover, men det er usikre estimat ettersom mykje av prisutviklinga er knytt til utfallet av krigen i Ukraina og verknadene av sanksjonane.
Publisert: 16.03.2022 07:17
Sist oppdatert: 16.03.2022 07:21