Kort fortalt

Olympic-skip berga fem frå sjøen

Éin fiskar mista livet i ulukke.

Marius Rosbach
07.03.2022

Ein fiskar mista livet då fiskebåten Njord havarerte og seinare gjekk ned i Nordsjøen søndag kveld.

Ifølgje HRS for Sør-Norge på Twitter var sunnmørsskipet Olympic Challenger involvert i bergingsaksjonen av mannskapet.

Skipet plukka opp fem personar etter at eit redningshelikopter hadde heist om bord tre persona. Det var ein av fiskarane som blei teke om bord i helikopteret, som omkom.

«Mannskapet har gjort ein kjempejobb, der den raske handlinga heilt klart har berga fem menneskeliv. All honnør til alle om bord», uttaler Olympic-reiar Stig Remøy i ei pressemelding ifølge Sunnmørsposten.

Publisert: 07.03.2022 10:53

Sist oppdatert: 07.03.2022 11:51

Mer om