NPK: Førebelse tal frå Fiskeridirektoratet viser at i overkant av 10.000 tonn laks har omkomme som følgje av algeoppblomstringa i Nordland og Troms.
Ei utrekning frå Fiskeridirektoratet viser at laks til ein verdi av 620 millionar kroner har gått tapt etter algeoppblomstringa. Oppdrettsanlegga i Troms har ikkje meldt om dødelegheit sidan 17. mai, men i Nordland er dødelegheita framleis høg, og nye lokalitetar har blitt ramma.
Fiskeridirektoratet i region Nord, region Nordland og hovudkontoret arbeidar kontinuerleg med dispensasjonar og andre løysingar for oppdrettarar som vil flytte fisk.

Publisert: 21.05.2019 18:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34