NTB u Abv ERHXO50
HORNELEN: På ikoniske Hornelen (860 meter over havet) er no bygginga av ei klatrerute i gang. Tivolifisering og sirkustiltak, kallar kritikarane det. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Kort fortalt

Omstridd klatrerute opp Hornelen

– Vulgær tivolifisering.

NPK
20.07.2022

Bygginga av ei klatrerute opp Europas høgaste sjøklippe, Hornelen i Vestland, har starta. Kritikken er massiv.

Bygginga av ein via ferrata (italiensk for jernveg) opp Hornelen i Vestland, nærare bestemt i Bremanger kommune, er no i gang, med byggjestart denne veka, skriv NRK og viser at kritikarane står i kø.

Planane av klatreruta har vore omstridde i fleire år. Den kjende eventyraren og turmannen Stein P. Aasheim, meiner at vi «i serien av vulgær tivolifisering av norske fjell er i ferd med å få ein ny leiar».

Stein Tronstad, president i Noregs klatreforbund, er samd:

– Dette er eit sirkustiltak på eit nasjonalt viktig naturmonument som vi burde vore spart for, seier han.

Professor i økologi ved Universitetet i Bergen, Vigdis Vandvig undrar seg over trenden med å leggje til rette naturen på denne måten.

– Her i Noreg har vi noko som er skikkeleg unikt: Ein heil del spektakulær, urørt natur. Stille. Fråvære av lys, lyd, inngrep. Og ikkje minst, natur som ikkje er dominert av oss, peikar ho på og spør kva som vil bli igjen til slutt.

– Kva blir det neste? Rekkverk på Preikestolen?

Kommunedirektør i I Bremanger, Tom Joensen forklarte på eit folkemøte i juni, at klatrevegen er del av ei auka satsing på turisme.

– Det skal vere attraktivt å besøkje Bremanger. Vi må sørgje for å skape «a reason to go», sa han.

Ordføraren i kommunen, Anne Kristin Førde (Ap), seier seg også nøgd med at arbeidet er i gang.

– Dette vil vere med å gje turistnæringa vår i alle delar av kommunen eit løft.

Publisert: 20.07.2022 14:59

Sist oppdatert: 20.07.2022 15:01

Mer om