Ona vil ut av Ålesund og inn i Aukra
Øybuarar kjenner seg som romsdalingar.
(NPK): På øya Ona med 17 innbyggarar, ønsker dei å ut av Ålesund kommune og å bli ein del av Aukra.
– Vi føler oss som romsdalingar. Og i gamle dagar tilhøyrde vi faktisk Aukra. Derimot har vi liten tilknyting til Ålesund, seier Hilde Sørmoen, busett på Ona, til Sunnmørsposten.
Ho meiner at Sandøy kommune, som med kommunereforma vart ein del av Ålesund, skulle vorte ein del av Aukra kommune, til liks med øya Orten, som etter ein omkamp vart del av Aukra.
Sørmoen får medhald av øymedbuar Oddgeir Viken.
– Ona skulle aldri ha blitt ein del av Ålesund kommune. Så du skal ikkje sjå vekk ifrå at denne saka kjem opp att. Stemninga her ute er det iallfall ikkje råd å ta feil av, seier Viken.
Sunnmørsposten skriv at i ei spørjeundersøking for nokre år tilbake svarte 85 prosent av dei som vart spurde på Ona, Sandøya og Orten at dei ønskte å bli ein del av Aukra kommune, ikkje Ålesund.
(©NPK)
Publisert: 07.06.2021 13:42
Sist oppdatert: 07.06.2021 13:44