Kort fortalt
Open for teknologioppplæring i barnehagen
Næringsminister under konferanse.
11.01.2023
(NPK): Næringsminister Jan Christian Vestre meiner teknologikompetanse kanskje må utviklast allereie frå barnehagen.
I følgje Uniforum gav han uttrykk for dette på Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning, som blei arrangert tysdag.
Næringsminister Vestre adresserte også behovet for å gjere pengar på forsking fleire gonger under paneldebatten:
– Til UH-sektoren vil eg seie – vi heiar på dykk og håpar at de bidreg til at endå meir forsking blir kommersialisert, sa han ifølgje Uniforum.
(©NPK)
Publisert: 11.01.2023 20:57
Sist oppdatert: 11.01.2023 20:58