NPK-NTB: Regjeringa og fiskeriminister Per Sandberg (Frp) vil gjere det mogleg for sjarkeigarar å kjøpe opp fleire kvotar.
Mens ein på dei større båtane kan kjøpe opp kvotar og samle dei på færre båtar, har sjarkar berre hatt moglegheita til å kjøpe éin kvote. No vil fiskeriministeren endre struktureringa, skriv .
– Kvotesystemet skal bidra til at fiskeressursane blir forvalta og hausta på ein effektiv måte, til beste for samfunnet, seier Sandberg, som møter stor motstand langs kysten.
Fiskekjøpar Olaf Pedersen i selskapet Glea i Lofoten kallar forslaget katastrofalt. Han fryktar at mange av dei eldre sjarkeigarane blir freista til å selje seg ut av næringa og at unge fiskarar ikkje får råd til å kjøpe kvotane.
Han får støtte frå fylkesutvalet i Finnmark som ber Sandberg trekkje forslaget. Fylkesråd Johnny Ingebrigtsen (SV), som sjølv er fiskar, meiner forslaget vil ramme distrikta og at fiskerettane hamnar blant fiskeri-milliardærane og kanskje i utlandet.
I Tromsø lanserer Kystens tankesmie AS ein alternativ plan der sjarkane får større kvote, og at tilgangen til fiskeressursane blir spreidd langs heile kysten.
Sandberg skal ha opne møter i Nord-Noreg, på Vestlandet og på Sørlandet i løpet av juni.

Publisert: 05.06.2018 14:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38