Kort fortalt

Oppbod for interiørhandel

Marius Rosbach
15.01.2024

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Karisma Interiør i Ålesund.

Leiinga i firmaet melde oppbod og opplyste til tingretten at samla gjeld er på knappe 250.000 kroner. Verdiane er på kring 30.000 kroner ifølgje rettspapira.

Firmaet blei starta på midten av 1990-talet og har hatt anstrengt økonomi dei siste åra. Omsetninga i 2022 enda på knappe 2,8 millionar og ei resultat i balanse.

I årsmeldinga frå 2022 vart det opplyst at selskapet la opp til ei nøktern drift og at det blei jobba med å auke inntektene.

Firmaet opplyste i fjor at dei ville legge ned butikken i sentrum av Ålesund. Dei har også drive netthandel med sal av interiør og møblar.

Første skiftesamling i saka er planlagt 26. februar og bustyrar er Christian Garmann.

Publisert: 15.01.2024 15:06

Sist oppdatert: 15.01.2024 15:06

Mer om