Morten Holum Hexagon Purus
NY AVTALE MED LANGVARIG KUNDE: Hexagon Purus-sjef Morten Holum.
Kort fortalt

Oppdrag for 70 millionar

Skal levere hydrogentankar til bussar i Nord-Amerika.

27.11.2024

Buss-selskapet New Flyer har inngått ein avtale med Hexagon Purus om å kjøpe tankar og system til bussar som skal bruke hydrogen som energiberar, skriv selskapet i ei børsmelding.

Det er femte år på rad at New Flyer kjøper tankar og system frå Hexagon Purus. Kontrakten er på 6,3 millionar dollar, som tilsvarar 70 millionar kroner med dagens kurs. Tankane blir produserte i Hexagon Purus sin fabrikk i Maryland i USA.

Tankane New Flyer kjøper gjer det råd å køyre 600 kilometer på ei fylling. New Flyer køyrer bussar i både USA og Canada.

Så langt i år har aksjekursen til Hexagon Purus falle med over 52 prosent. Kursen før bårsopning i dag er 5,27 kroner aksjen. Det er nær det lågaste nivået sidan selskapet vart børsnotert, og verdset Hexagon Purus til 1,8 milliardar kroner.

Største aksjonær er Hexagon Composites, som lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Aksjekursen til Hexagon Composites har stige over 48 prosent sidan årsskiftet og verdien har berre vore høgare ein kort periode i starten av 2021. Dagens kurs, 42,80 kroner aksjen, verdset Hexagon Composites til ni milliardar kroner. 

Publisert: 27.11.2024 08:19

Sist oppdatert: 27.11.2024 08:19

Mer om