Kort fortalt

Oppdrag for 90 millionar

To kontraktar til Hexagon Composites.

24.01.2023

I går kveld, mandag 23. januar, sende Hexagon Composites ut ei melding om ein kontrakt på 46 millionar kroner med selskapet Permian Global i USA.

I dag varsla Hexagon Composites om ein ny kontrakt,med selskapet Renewgas Transportation. Den kontrakten er på 44 millionar kroner.

Permian Global skal ha store og moblie gasstankar for frakting av naturgass til anlegg og fabrikkar som ikkje er knytt til gassrørnettet.

Les børsmelding her

Renewgas Transportation skal ha tilsvarande tankar for tranport av biogass.

Les børsmelding her

Det er Hexagon Composites sitt datterselskap i USA, Hexagon Agility, som har inngått begge kontraktane.

Publisert: 24.01.2023 07:09

Sist oppdatert: 24.01.2023 07:21

Mer om