Måndag starta ankebehandlinga av søksmålet som 25 oppdrettsselskap tapte i Sunnfjord tingrett i fjor vinter. Oppdrettarane saksøkte Nærings- og fiskeridepartementet etter at dei fekk pålegg om å redusere biomassen av laks og aure med seks prosent.
Pålegget var basert på høge lusenivå, som etter trafikklyssystemet gav oppdrettarane i området Nordhordland til Stad raudt lys. Oppdrettarane meiner på si side at faktagrunnlaget for vedtaket ikkje var godt nok.
Det er sett av 18 dagar til rettsforhandlingane i Gulating lagmannsrett, skriv nettavisa Ilaks.no.
Desse selskapa står bak søksmålet: Austevoll Melaks, Blom Fiskeoppdrett, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Eide Fjordbruk, Engesund Fiskeoppdrett, Erko Seafood, Firda Sjøfarmer, Fjord Drift, Flokenes Fiskefarm, Kobbevik og Furuholmen Oppdrett, Landøy Fiskeoppdrett, Langøylaks, Lerøy Vest, Lingalaks, Marø Havbruk, Mowi, Nordfjord Laks, Osland Havbruk, Sandnes Fiskeoppdrett, Sjøtroll Havbruk, Steinvik Fiskefarm, Sulefisk, Svanøy Havbruk, Tombre Fiskeanlegg og Troland Lakseoppdrett.
Publisert: 31.01.2022 14:55
Sist oppdatert: 31.01.2022 14:57