Oppdrettbransjen frykter skatteauke
– Vi er djupt bekymra.
(NPK): Oppdrettsselskap langs kysten fryktar at nye skattereglar skal bli eit vesentleg hinder for vidare utvikling i næringa.
Frå årsskiftet aukar skattlegginga av personlege aksjonærar i havbruksnæringa gjennom auka utbytteskatt og formuesskatt. Skatteauken vil hemme utviklinga til selskapa og ramme distriktsarbeidsplassar, meiner Salmon Group, eit nettverk for små- og mellomstore oppdrettsselskap langs norskekysten.
– Vi er djupt bekymra for konsekvensane dei foreslåtte skatteendringane vil medføre, både for aksjonærane våre og for næringa samla sett, seier dagleg leiar i gruppa, Jan Olav Langeland, til E24.
Dei fleste selskapa er framleis eigde og drivne av dei opphavlege grunnleggjarane og familiane deira, og ingen er børsnoterte. Dermed kan dei vente seg ein kraftig skatteauke til neste år, når nye reglar for laksekonsesjonar trer i kraft. Dei inneber at konsesjonane skal skattast til marknadsverdi.
I eit innlegg på Kyst.no har advokatfirmaet Thommessen anslått at ein eigar av eit lokalt oppdrettsselskap med ti konsesjonar vil få auka formuesskatten sin frå 2,3 til 15,7 millionar kroner per år.
Tidlegare denne veka blei det kjend at Ola Braanaas, gründer av oppdrettskonsernet Firda Seafood, tar med seg familien og flytter til Bø i Vesterålen frå nyttår. Han reknar med å spare nær 31 millionar i skatt ved å bu i «skatteparadiset» i nord.
(©NPK)
Publisert: 03.12.2021 11:03
Sist oppdatert: 03.12.2021 11:05