Kort fortalt

Oppdrettslaksen kan ete norsk gran

Marius Rosbach
28.11.2022

(NPK): I dag et den norske oppdrettslaksen soya frå Brasil og bidreg til både massiv avskoging og store utslepp under transport. No er Foods of Norway i ferd med å erstatte dei langreiste bønnene med fôr som stammar frå norsk skog.

Professor Margareth Øverland på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) leiar forskingssenteret Foods of Norway. Ho seier til Teknisk Ukeblad at Foods of Norway handlar om å auke matproduksjonen i Noreg og samstundes redusere klimafotavtrykket.

Starta i 2015
I det arbeidet jobbar forskarane på NMBU på Ås saman med forskarar, bedrifter og organisasjonar over heile verda.

Sidan 2015 har dei mellom anna samarbeidd med bioraffineriet Borregaard for å produsere gjær basert på norske grantre som blir til fôr for laksen.

Gjæren inneheld 65 prosent protein og er svært lett fordøyeleg. I tillegg ser ein at fôret truleg gjer laksen friskare, at fisken veks godt og nyttar fôret betre.

– Har høg næringsverdi
Restane frå råstoffa som gjæren brukar, legg heller ikkje beslag på landbruksareal og konkurrerer heller ikkje med menneskemat. Når ein til dømes har laga etanol av grantre, kan soppen ete på restane av grana, vekse og bli til fôr. Målet er også å produsere fiskefôret billig og i stor skala. Øverland meiner mikrobar og gjær er framtida i matproduksjon.

– Dei har høg næringsverdi, dei veks veldig fort i forhold til plantar på land, og dei kan gjere om alle slags råstoff til høgverdige protein som kan brukast som dyrefôr. Samtidig er dei berekraftige, seier ho til Teknisk Ukeblad.

(©NPK)

Publisert: 28.11.2022 20:54

Sist oppdatert: 28.11.2022 20:58

Mer om