Oppdrettsselskapa auka lønnsemda
Auka laksepris hovudårsaka.
(NPK): Auka laksepris på fire kroner gav oppdrettsselskapa større lønsemd i 2021.
iLaks.no har henta inn årsrekneskapane til 69 norske oppdrettsselskap. Dei avdekkjer omfattande forskjellar. Fire av dei tapte pengar på drifta i fjor, skriv nettavisa.
Selskapet Korshavn Havbruk var det einaste som leverte ein driftsmargin over 50 prosent blant oppdrettarane i landet i 2021 med 54,9 prosent. Det vil seie at selskapet tente 54,9 kroner på drifta per omsette hundrelapp.
Korshamn Havbruk toppar difor lønnsemdlista for 2021. Nummer to og tre på lista er Øylaks og Ballangen Sjøfarm, med høvesvis 41,4 prosent og 40,9 prosent i driftsmargin.
Samanliknar ein resultata med tidlegare år, vart 2021 betre enn 2020. Ein vesentleg del av forklaringa er auka laksepris – som steig med fire kroner, frå 53 til 57 kroner, frå 2020 til 2021.
(©NPK)
Publisert: 30.08.2022 10:47
Sist oppdatert: 30.08.2022 10:48