Sju kommunar på Søre Sunnmøre krev støtte frå staten for å gå inn i den nye journalløysinga for sjukehus, kommunal helseteneste og fastlegar i Midt-Noreg.
Helseplattformen, som er ei felles journalløysing for helsetenestene i Midt-Noreg, har møtt motstand i fleire kommunar både i Møre og Romsdal og Trøndelag. Ordførar Bernt Standal i Hareid seier til NRK at kommunane krev at staten betalar inngangsbilletten til systemet.
Onsdag vart det semje om eit avtaleutkast mellom Helseplattformen, kommunane i Midt-Noreg og helseføretaka. Avtalen skal no behandlast i kommunane, i helseføretaka og av styret i Helseplattformen. Den beskriv kva tenester som skal leverast og korleis kostnadane skal fordelast.
Kvar kommune vil no få oversikt over kostnadane sine, og Helseplattformen vil tilby ein økonomisk gjennomgang for dei kommunane som ønsker det, skriv dei på nettsidene sine.
Men fleire kommunar fryktar at det nye systemet blir for dyrt og meiner staten må ta større økonomisk ansvar for Helseplattformen.
Publisert: 24.02.2022 10:13
Sist oppdatert: 24.02.2022 10:13