Kort fortalt

Opptur for kles- og skobutikkar

Omsette for over 30,7 milliardar.

NPK
15.03.2023

I 2022 auka klesbutikkane i landet omsetninga med 10,2 prosent, medan skobutikkane opplevde ein auke på 12,4 prosent.

– Den sterke veksten for sko og klede er i tråd med den normaliseringa mange næringar har sett etter to år med ulike pandemirestriksjonar, seier Bror William Stende, bransjedirektør for faghandel i Virke.

Omsetninga til klesbutikkane enda på litt over 30,7 milliardar, og er den høgaste prosentvise veksten sidan 2007, skriv Virke i ei pressemelding.

Skobutikkane omsette for 3,9 milliardar. Samanlikna med 2019, opplevde skobransjen ein vekst på 1,8 prosent

Publisert: 15.03.2023 08:52

Sist oppdatert: 15.03.2023 08:53