NPK-NTB: Fellesforbundet blir det største fagforbundet i privat sektor, etter at Norsk Transportarbeiderforbund onsdag vedtok å bli ein del av Fellesforbundet.
Avgjerda vart tatt under det ekstraordinære landsmøtet til norsk Transportarbeiderforbund onsdag, opplyser Fellesforbundet i ei pressemelding.
– Vi har historie som strekker seg tilbake til 1896, så det er sjølvsagt litt vemodig. Samtidig vil samanslåinga gi norske transportarbeidarar ei kraft som få kan måle seg med, seier Lars Johnsen i Norsk Transportarbeiderforbund.
Leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum, set pris på å få transportarbeidarane med på laget, og meiner det vil gi både forhandlingsstyrke og politisk kraft.
Samanslåinga av dei to forbunda vil formelt skje den 1. juni, og då vil Fellesforbundet ha 160.000 medlemmer.

Publisert: 08.05.2019 17:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35