Kort fortalt

Orten fryktar for fylkeskommunane

Trur fylkesoppløysingar kan true fylkeskommunen.

NPK
23.02.2022

Reversering av samanslåtte fylke vil føre til ein ny debatt om fylkeskommunane har nokon framtid, trur stortingspolitikar Helge Orten (H).

Fleire fylke kan bli oppløyste att, noko som kan få ein svært høg kostnad. Det kan også bli utfordrande om ein rekke større kommunar krev å få skifte fylke.

– Pengebruken knytt til reverseringa vil auke motstanden blant folk, seier Orten til NRK. Han trur fylkeskommunen på sikt vil kome under press.

Utspelet får Jenny Klinge frå Senterpartiet til å fnyse:

– Eg trur ikkje på nokon måte at Høgre er særleg bekymra for framtida til fylkeskommunane. Dei er nok heller bekymra for at dei ikkje skal bli kvitt fylkeskommunen fort nok. Og dei forstår at tidlegare fylke blir gjenetablert mange stader, så vil det føre til at fylkeskommunen har ei betre framtid, seier ho til kanalen.

Det ligg an til at Vestfold og Telemark, Viken og Troms og Finnmark blir oppløyste, medan dei samanslåtte fylka Innlandet, Vestlandet, Trøndelag og Agder held fram som i dag.

Publisert: 23.02.2022 15:12

Sist oppdatert: 23.02.2022 15:13