Om lag 700 kubikkmeter stein rasa ut frå fjellsida i skredet på Otterdalsvegen i Hornindal tysdag 4. januar.
Møre og Romsdal fylkeskommune opplyser i ei pressemelding at ein vil inspisere fjellsida med helikopter i morgon på dagen, som eit ledd i avgjerda om å starte rydding etter steinskredet.
Om ikkje synfaringa med helikopter gir kunnskap om auka fare for skred, blir planen for start på oppryddinga av vegen lagt.
Publisert: 05.01.2022 16:50
Sist oppdatert: 05.01.2022 16:53