Kort fortalt

Over 1400 fylkestilsette tener millionlønn

Fylkeskommunedirektøren i Vestland toppar lista.

NPK
30.10.2025

(NPK): Over 1400 tilsette i fylkeskommunane våre tener meir enn éin million kroner årleg, viser ei kartlegging frå NRK.

To fylkeskommunedirektørar tener over to millionar kroner, ifølgje allmennkringkastaren. Det er meir enn statsministeren.

Rune Haugsdal i Vestland fylkeskommune toppar lista med 2,16 millionar kroner i årslønn, medan Tron Bamrud i Innlandet fylkeskommune tener 2,085 millionar. Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak i Møre og Romsdal er oppført med ei inntekt på 1,65 milionar. 

Til samanlikning tener statsminister Jonas Gahr Støre 2,13 millionar kroner. Akershus fylkeskommune har flest millionlønnstakarar med 180 personar.

– Eg tenkjer lønna står i forhold til ansvaret eg har. Eg har ansvar for 6500 tilsette, og eit budsjett på 18 milliardar kroner, seier Rune Haugsdal, til NRK.

Statsvitar Tord Willumsen ved Universitetet i Innlandet meiner millionlønningar i det offentlege naturleg vekker engasjement. Han peikar på at det er vanskeleg å reversere ein lønnsgalopp når han har kome i gang.

– Dette er skattepengane våre og dei skal ikkje sløsast bort, seier Willumsen.

(©NPK)

Publisert: 30.10.2025 12:39

Sist oppdatert: 30.10.2025 12:39

Mer om