I første kvartal kom for første gang over 50 prosent av inntektene til Olympic Subsea frå fornybar energi-marknaden.
- Eg er veldig optimistisk på vegne av Olympic Subsea, sa Stig Remøy på fellesmøtet til Shippingklubben i Ålesund og NHO Møre Romsdal i kveld.
Då offshorereiarlaget var refinansiert i 2017 blei konstruksjonsskip og liknande farty skilt ut i eit eige selskap, Olympic Subsea.
Andelen av oppdrag for mellom anna vindkraftindustrien er aukande og vil auke meir etterkvart som vindkraftproduksjonen blir flytta lenger til havs, spår Remøy.
I fjor auka oppdragsmengda for selskap som driv med fornybar energi, og når 2. kvartalstala blir lagt fram om kort tid kjem dei til å vise at fornybarmarknaden for første gang står for over 50 prosent av inntektene til selskapet, i følgje Remøy.

Publisert: 22.05.2019 09:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34