Over 60.000 laks på rømmen
Stor auke frå 2021.
Om lag 61.000 oppdrettslaks og 7.700 regnbogeaure rømde i fjor, viser førebelse tal.
Éi stor enkelthending stod for mesteparten av rømd oppdrettslaks i fjor, skriv Fiskeridirektoratet på nettsida si. Rømminga skjedde på Dolma N i Trøndelag, eigd av Midt-Norsk havbruk, no Salmonor.
– Her vart det meldt inn rundt 39.000 rømde laks, og selskapet rapporterte om ein gjenfangst på cirka 13.000, seier Øyvind Lie, direktør for Kyst og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.
I 2020 rømde det i underkant av 44.000 laks frå norske oppdrettsanlegg, og talet har vore minkande i fleire år. Men den store enkelthendinga gjorde altså at talet auka i fjor.
Totalt vart det innrapportert 117 hendingar i 2021, og så langt er 32 rømmingar bekrefta.
– Det er også 15 hendingar der innmeldinga ikkje er ferdigstilt. For fleire av hendingane er difor det endelege rømmingstalet ikkje rapportert enno, og viser heller ikkje i statistikken, seier Lie.
Dei fleste rømmingane skjedde i samband med arbeidsoperasjonar. Fiskeridirektoratet har i 2021 hatt ein tilsynskampanje retta mot risikostyring ved arbeidsoperasjonar, og spesielt avlusingsoperasjonar. Denne kampanjen blir vidareført også i 2022.
Publisert: 28.01.2022 15:20
Sist oppdatert: 28.01.2022 15:21