Kort fortalt

Over 600.000 elbilar

Meir enn 600.000 elbilar på norske vegar

NPK
28.02.2023

I februar passerte talet på elbilar i Noreg 600.000.

Om lag 8 av 10 nye bilar som vert kjøpte i Noreg er no elbilar, og i februar passerte me 600.000 elbilar.

– Nordmenn omfamnar elbilsatsinga som aldri før, og Noreg sin suksess med å elektrifisera personbilane er til inspirasjon for resten av verda. Når eit langstrekt og kaldt land som Noreg klarer dette, så er det mogleg for andre land òg, seier generalsekretær i Norsk elbilforening Christina Bu i ei pressemelding.

Ei rekkje økonomiske tiltak, som fritak for kjøpsavgift og billigare bompengar, har bidratt til auken i elbilar på norske vegar. Regjeringa reduserte ein del av desse tiltaka frå byrjinga av 2023.

Publisert: 28.02.2023 14:17

Sist oppdatert: 28.02.2023 14:18

Mer om