NPK-NTB: Talet på overnattingar ved hotell og andre overnattingsstadar auka med 1,2 prosent i juli. For både norske og utanlandske overnattingar enda det med rekord.
Samla var det 6,3 millionar overnattingar på dei kommersielle overnattingsstadane i Noreg i juli, viser ferske tal frå . Den totale auken frå same månad i fjor kjem først og fremst av oppgang på hotella, der det vart registrert 60.000 fleire overnattingar – ein oppgang på 1,9 prosent.
Samtidig auka gjennomsnittsprisen per rom med 3,7 prosent frå juli i fjor til same månad i år. Losjiomsetninga som ikkje omfattar måltid og servering, sjølv om det er inkludert i prisen, auka med 4,7 prosent.
Delen campingovernattingar auka elles med heile 42 prosent, noko ein reknar med kjem av fleire overnattingar i bubilar enn i fjor.

Publisert: 07.09.2018 09:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37