Kort fortalt
Overtok Havlandet
Herøy næringsforum overtek Havlandet.
11.10.2022
Herøy kommunestyre har samrøystes vedteke at Herøy næringsforum overtek interesseorganisasjonen Havlandet vederlagsfritt. Det skriv Vestlandsnytt.
Frå før eigde næringsforumet 60 prosent av Havlandet, medan kommunen eigde 40 prosent.
Havlandet er ein interesseorganisasjon for næringslivet som har hatt som mål å skape vekst og utvikling, blant anna ved å påverke og legge til rette for å auke talet på arbeidsplassar og bedrifter i tillegg til auke i heilårsturisme.
Publisert: 11.10.2022 05:06
Sist oppdatert: 11.10.2022 05:13