Kort fortalt

På jakt etter føregangskommunar

Vil ha fokus på lokaldemokrati.

NPK
02.06.2021

Kommunar over heile landet er oppfordra til å søkje om å bli føregangskommune innan lokaldemokrati.

– Dette er ikkje ein konkurranse om å vere best på lokaldemokrati, men ei moglegheit til å vise fram korleis ein utviklar lokaldemokratiet på ulike måtar tilpassa ulike lokalsamfunn, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i ei pressemelding.

Invitasjonen til å delta i lokaldemokratiprosjektet gjekk ut til kommunane i førre veke, og fleire har allereie meldt si interesse. Søknadsfrist er 6. august.

Det er stor variasjon i korleis kommunane har valt å organisere det politiske arbeidet og korleis dei jobbar med å vidareutvikle lokaldemokratiet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal velje ut om lag åtte kommunar som har utvikla lokaldemokratiet på ein god måte som gjer det meiningsfullt å delta i lokalpolitiske prosessar. Målet er at andre kommunar skal bli inspirert og lære av føregangskommunane.

Føregangskommunane vil få midlar til å vidareutvikle lokaldemokratiet sitt i ein toårsperiode, frå hausten 2021 til sommaren 2023. Kommunane skal følgjast av eit forskingsteam, som skal evaluere og dokumentere korleis dei jobbar med lokaldemokratiet.

Publisert: 02.06.2021 17:09

Sist oppdatert: 02.06.2021 17:10