Parkering pluss buss
BUSS OG PARKERING: Knut Furu Strømmen, prosjektleiar Møre og Romsdal fylkeskommune, Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund, bussjåfør Aamro Qendah i Vy Buss, Roar Salen, leiar i Ålesund parkering.
Kort fortalt

Parkering og buss i same billett

Vil auke konkurransekrafta til bussen.

30.09.2021

Frå måndag 4. oktober tilbyr Ålesund kommune, Ålesund parkering og Møre og Romsdal fylkeskommune ved Fram innfartsparkering på Moa og buss mot sentrum i ein og same billett.

Ordninga er sikta inn på pendlarar som køyrer via Moa og vidare mot sjukehuset, campus og Ålesund sentrum, blir det opplyst i ei pressemelding.

I første omgang blir dette eit prøveprosjekt på seks månader. Ordninga omfattar om lag 60 parkeringsplassar ved svømmehallen på Moa. For 44 kr per dag får du parkering og bussbillett tur/retur sentrum. Det er same prisen som ein enkeltbillett på bussen. Parkerings-/bussbilletten varar i 12 timar og gjeld for førar av bil.

- Ved å parkere bilen «gratis» slepp pendlaren å betale for dyrare parkering i sentrum eller på andre knutepunkt og kjem seg rimeleg frå Moa og tilbake til bilen. Vi ønsker å teste dette tiltaket for å auke bussen sin konkurransekraft i forhold til privatbilen, seier Toril Karlsnes, seksjonsleiar i Fram.

Det blir vist til at i rushtidsperiodane frå sju til ni om morgonen og halv to til halv seks på ettermiddagen går det 14 bussar i timen kvar veg mellom Moa og sentrum. Så då slepp ein lang ventetid, og det er enkelt med parkeringsbillett og bussbillett i same app.

- Du parkerer bilen på det reserverte området, kjøper billett via FlexiPark-appen, og viser billetten i appen til bussjåføren. Enkelt og greitt, seier Roar Salen, leiar i Ålesund parkering.

- Vi er svært glade for at vi har fått til dette samarbeidet. For mange er ikkje buss heile vegen den beste løysinga. Denne ordninga gjer det enkelt å kombinere bil og buss, og vi er veldig glad for at vi kan prøve ut ei slik løysing, seier Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune.

Publisert: 30.09.2021 20:56

Sist oppdatert: 30.09.2021 21:01

Mer om