NPK: Talet på patentsøknader frå oppdrettsnæringa auka frå 40 i 2016 til 80 i 2017, fortel nettavisa Tekfisk.
– Auken kan forklarast med at det har vore stort behov for teknologiutvikling og innovasjon, spesielt når det gjeld tiltak mot lakselus, seier sjefsingeniør Randi Gaarder i Patentstyret til .
Ordninga med utviklingsløvye, som vart innført i 2015, har òg gitt fleire patentsøknader på nye rømmings- og lusesikre merdsystem. Elles gjeld søknadene alt frå havmerdar og luseskjørt til nye typar fôr og vaksinar.
Tala for 2018 er førebels ikkje offentlege, men Gaarder trur auken held fram.
– Havbruksnæringa har vorte meir bevisst på at det er viktig å patentere, at ein får eit reelt vern mot konkurranse, seier Garder.
Også for fiskegarn og fiskereiskapar har talet på patentsøknader auka noko frå 2016 til 2017, kanskje påverka av den auka fokuseringa på patentering i oppdrettsnæringa.

Publisert: 03.12.2018 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36