Kort fortalt

Pause for Vigra-Alicante-flygingar

Likevel fleire avgangar enn førre vinter.

Marius Rosbach
28.10.2019
Norwegian vil fly fleire avgangar direkte mellom Vigra og Alicante i vinter, enn dei gjorde i førre sesong.
Etter avgangane fredag 1. og 8. november er det likevel pause fram til 14. februar. Då er det igjen direktefly til den spanske byen kvar fredag til slutten av mars, opplyser flyplassjef Tor Hånde ved Ålesund lufthamn Vigra i ein e-post.
Når sommarprogrammet startar blir det igjen laurdagsfly til Alicante frå 4. april.

Publisert: 28.10.2019 13:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32