Kort fortalt

Pause i snøkrabbefangsten

På grunn av skalskifte.

26.05.2018
NPK-NTB: Regjeringa går inn for stopp i fangst av snøkrabbe frå 15. juni til 15. september av omsyn til skalskifte hjå krabben.
– Det er få fartøy som ønsker å fiske når det er mykje krabbe som nyleg har skifta skal. Denne krabben kan lett bli skadd ved ytre påverknad og har låg kommersiell verdi. Dette handlar om å gi næringsaktørane rammer som bidrar til god lønsemd, samtidig som vi tar vare på snøkrabben som ressurs, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding.
Han meiner at reguleringsendringane vil ta vare på snøkrabben og miljøet, og å gi næringa betre rammer.
Departementet har også vedtatt at eit enkeltfartøy ikkje kan fiske med meir enn 12.000 teiner. I tillegg blir kravet om innrapportering av førekomst av blautkrabbe i samband med fangst skjerpa. Kravet skal utvidast til å gjelde heile året.

Publisert: 26.05.2018 10:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39