Kort fortalt

Pengar til sjømatprosjekt for barn

Skal gi barn positive matopplevingar.

28.06.2018
NPK: Fiskeriminister Per Sandberg vil gi barn og unge positive matopplevingar med fisk og sjømat. I år deler han ut 7,6 millionar kroner til prosjekt frå nord til sør som skal gi barn gode opplevingar med fisk og sjømat.
– Engasjementet for eit betre kosthald hos barn og unge strekker seg over heile landet, eg har fått søknader frå både små og store aktørar som ønskjer seg støtte til å gi barn kunnskap om sjømat og matlaging, seier fiskeriminister Per Sandberg.
Både organisasjonar og privatpersonar med gode prosjekt kan søke om pengar til sjømattiltak. Pengane vert delte ut i to omgangar. No blir 4,1 millionar kroner fordelt på til saman 33 prosjekt. Det står att 3,5 millionar kroner, og neste søknadsfrist er 1. september 2018.
– Det er ein myte at barn og unge ikkje likar sjømat. Når barna får vere med på heile prosessen blir dei nysgjerrige, engasjerte og smakar meir på maten. Med meir kunnskap i sekken håpar eg barna lærer opp foreldra sine, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Publisert: 28.06.2018 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38