Kort fortalt

Permitteringar i Aker Solutions

Rundt 700 tilsette kan bli råka i vår.

NPK
19.03.2021

(NPK): Verftskonsernet Aker Solutions varsla torsdag 3.000 tilsette ved verfta på Stord, i Verdal, Egersund og Sandnessjøen om moglege permitteringar over påske. Grunnen er grensestenginga, som gjer det vanskeleg å få nødvendig utanlandsk arbeidskraft inn i landet.

– Det er arbeidarar med spesiell kompetanse, men som ikkje kjem inn under unntaksreglane om kven som får komme inn i Noreg når grensene er stengde, seier direktør Sturla Magnus i Akers Solutions til næringslivsavisa E24.

Rundt 700 av dei fast tilsette kan dermed bli tekne ut i permisjon utover våren.

I tillegg til dei rundt 3.000 fast tilsette ved verfta leiger selskapet inn rundt 1.000 arbeidarar med spesialkompetanse frå utlandet, 500 frå Noreg. Utan det utanlandske tilskotet går mange prosjekt i stå.

Ifølgje Norsk Industri er ikkje Aker åleine om problemet, som kan ramme fleire verft. NHO-organisasjonen har varsla regjeringa om store konsekvensar for både vertsindustri og underleverandørar dersom grensestenginga held fram etter 7. april.

– Verfta får ikkje tilgang til heilt nødvendig utanlandsk arbeidskraft, noko som gjer at fleire prosjekt stansar opp. Konsekvensen er at verfta må permittere over tusen norske arbeidarar, seier leiar Stein Lier-Hansen i Norsk Industri til avisa.

Om ikkje grensene blir opna, meiner Norsk Industri verfta må få dispensasjon, men med strenge reglar for karantene og testing.

(©NPK)

Publisert: 19.03.2021 14:46

Sist oppdatert: 19.03.2021 14:48

Mer om