Kort fortalt
Plaga med folk i Fjørtoft-tunnel
Kan få konsekvensar for opninga.
10.05.2022
Møre og Romsdal fylkeskommune har lagt ut eit bilde på Facebookgruppa "Nordøyvegen" som viser folk inne i Fjørtoft-tunnelen.
No minner fylkeskommunen om at dette er eit anleggsområde som ikkje er ope for fri ferdsel, og at slik ferdsel øydelegg for testinga som skal gjerast.
- I verste fall får det konsekvensar for den planlagte opninga av Fjørtoftfjordtunnelen 16. juni. Vi trur alle veit at det ikkje er lov å ta seg inn i tunnelane. Hjelp oss å dele dette innlegget slik at alle også blir klare over konsekvensane, skriv fylkeskommunen.
Publisert: 10.05.2022 14:35
Sist oppdatert: 10.05.2022 14:39