Kort fortalt

Planlegg 'grøne kaier' i Stranda

Skal frakte cruiseturistane vidare i mindre fartøy.

NPK
17.03.2021

Mindre fartøy og tilpassa kaianlegg kan bli løysinga for å ta vare på verdsarven i Geirangerfjorden.

No skal NTNU saman med Stranda kommune arbeide fram gode løysingar gjennom prosjektet «Grøn kai».

– Vi vil vere med på å gjere sjøområdet i og rundt Geirangerfjorden til ein endå flottare og meir miljøvenleg turistattraksjon i framtida, seier Hans Petter Hildre til forskingsmagasinet Gemini. Hildre er instituttleiar ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk på NTNU.

Det er ei kjensgjerning at mange vil oppleve Geirangerfjorden om bord i cruiseskip. Desse skipa går i dag på fossilt drivstoff, men Stortinget har vedteke krav om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026.

Det er rundt 200 fastbuande i Geiranger, og turisme er den viktigaste næringsvegen. Hamnesjef i Stranda kommune Rita Berstad Maraak, fortel at prosjektet skal greie ut moglegheitene for ny kai-infrastruktur i Stranda og Hellesylt.

Så er det meininga at passasjerar kan gå over i mindre, utsleppsfrie fartøy, som kan ta dei innover Geirangerfjorden og det verna området.

Eit stort cruiseskip kan ha inntil 5000 passasjerar, og det blir ein krevjande operasjon å flytte alle desse over i mindre båtar. Derfor er effektive distribusjons- og logistikkløysingar ein viktig del av «Grøn kai»-prosjektet.

Arbeidet startar 22. mars i år, opplyser Maraak.

Publisert: 17.03.2021 20:59

Sist oppdatert: 17.03.2021 21:02

Mer om