NPK-NTB: Ni av ti nordmenn er svært bekymra for plastavfallet i havet, medan åtte av ti er bekymra for forureining av miljøet generelt.
Målinga er gjort av Opinion blant 1.000 personar i eit representativt utval av befolkninga på oppdrag frå Universitetet i Bergen, Bergen kommune og Havforskingsinstituttet i tilknyting til havkonferansen «The Ocean» som startar denne veka. Resultata er omtalt i VG.
På bekymringslista til nordmenn hamna plastavfall i havet øvst. 87 prosent av dei spurde svarte at dei i svært stor eller stor grad er bekymra for plastproblemet i havet.
Neste hovudbekymring er generell forureining av miljøet, som 78 prosent av nordmenn er ganske bekymra for, medan høvesvis 66 og 65 prosent – to av tre – seier dei er bekymra for at biologisk mangfald minkar og at det blir meir ekstremvêr.
På femteplass hamnar drivhuseffekten, som i stor eller svært stor grad bekymrar 55 prosent av dei spurde, medan knapt halvparten, 47 prosent, bekymrar seg for at havnivået skal stige.

Publisert: 16.09.2019 12:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32