NPK: Mange bryggeri brukar plast rundt sekspakningane sine. No vil Ringnes gå over til miljøvennleg lim, fortel NRK.
I eit forsøksprosjekt skal plasten fjernast på sekspakningane med Carlsberg-øl.
– Berre med Carlsberg vil vi spare miljøet for 17 tonn plast i året, men vi ønsker å gjere dette med alle produkta vi tilbyr. Då vil ein spare miljøet for mellom 170–200 tonn plast per år, seier Anders Røed, administrerande direktør i Ringnes, til NRK.
Bryggeriet skal bruke 90 millionar kroner på å skifte ut alle pakkemaskinene sine i Nittedal. Carlsberg-boksane skal no haldast saman av små limpunkt. Noreg er det første landet som får dei nye pakningane, som er utvikla saman med Carlsberg i England.
Boksar festa med dei nye limpunkta kan enkelt knekkast frå kvarandre enten kvar for seg, to og to eller tre og tre.
Limet er laga av eit syntetisk, vegansk, oljebasert stoff som, ifølgje Ringnes, ikkje er farleg for menneske, dyr eller plantar.

Publisert: 06.09.2018 11:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37