Kort fortalt

Plastoppsamlar jobbar for sakte

Null fangst så langt.

27.12.2018
NPK: Den mykje omtala plastoppsamlaren til Ocean Cleanup Barrier skulle reinske Stillehavet for plast. Førebels har oppfinninga ikkje samla opp noko som helst.
I september blei plastoppsamlingssystemet til den nederlandske gründeren Boyan Slat sjøsett. Det mykje omtala systemet blei frakta frå San Francisco i USA til Stillehavet, skiv .
Den 600 meter lange plastoppsamlaren skulle gi seg i kast med plastøya «Great Pacific Garbage Patch». Den ligg i eit område der havstraumane gjer at plast samlar seg i eit stort flak.

No viser det seg at oppfinninga til 24-åringen førebels ikkje har samla noko plast, melder Associated Press. Det solenergidrivne oppsamlingssystemet flyttar seg ikkje raskt nok til å halda tritt med plasten den skal samla opp.
Selskapet opplyser at det er nøgd med at plastoppsamlaren har takla bølgjene i Stillehavet, og at det jobbar for å løysa problema med farten.

Publisert: 27.12.2018 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36