Ålesund kommune sin ureviderte driftsrekneskap for 2023 har eit driftsresultat på om lag 109 millionar kroner, noko som svarar til 1,7 prosent av budsjettet.
Det kjem fram i ei melding frå kommunen tysdag.
- Netto driftsresultat for 2023 blei om lag 30 millionar kroner betre enn budsjettert, og 37 millionar kroner svakare enn i 2022. Forklaringa på det gode resultatet er i hovudsak at kommunen har hatt høgre inntekter enn budsjettert, i tillegg til at finansinntektene vart langt høgre enn budsjettert, uttaler økonomisjef Lars Fylling i meldinga.
Publisert: 27.02.2024 12:27
Sist oppdatert: 27.02.2024 12:27