Kort fortalt

Pluss for Ålesund kommune i fjor

Førebels resultat viser eit driftsoverskott på 109 millionar.

Marius Rosbach
27.02.2024

Ålesund kommune sin ureviderte driftsrekneskap for 2023 har eit driftsresultat på om lag 109 millionar kroner, noko som svarar til 1,7 prosent av budsjettet.

Det kjem fram i ei melding frå kommunen tysdag.

- Netto driftsresultat for 2023 blei om lag 30 millionar kroner betre enn budsjettert, og 37 millionar kroner svakare enn i 2022. Forklaringa på det gode resultatet er i hovudsak at kommunen har hatt høgre inntekter enn budsjettert, i tillegg til at finansinntektene vart langt høgre enn budsjettert, uttaler økonomisjef Lars Fylling i meldinga.

Publisert: 27.02.2024 12:27

Sist oppdatert: 27.02.2024 12:27

Mer om