NPK-NTB: Posten melder at post i butikk blir stadig meir populært, og har i haust inngått 77 nye avtalar.
Det er no rundt 1.320 tilbod om post i butikk i Noreg, og i haust har det vore ein open konkurranse på 77 av avtalane. Det fører til at 11 får ny drivar innan utgangen av 2019, skriv Posten i ei pressemelding.
– Lang opningstid og godt tilgjenge der folk ferdast gjer at post i butikk har vorte stadig meir populært sidan innføringa for 17 år sidan. Spesielt med tanke på aukande netthandel, er Posten oppteke av å sikre eit godt tilbod over heile landet, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg.
Ved val av butikkar som skal få posttilbod, blir det lagt vekt på mellom anna geografisk plassering, parkeringsmoglegheiter, økonomi og kor eigna lokalet er.
Posttilbodet er hovudsakleg lagt til dei store daglegvarekjedene.

Publisert: 13.11.2018 13:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36