Kort fortalt

Populært å arbeide med havbruk

Nesten alle trivst på jobb.

04.10.2019
NPK: Heile 97 prosent av dei tilsette i havbruksnæringa trivst på jobb, ifølgje fersk undersøking.
Undersøkinga er ein del av prosjektet Sikrere operasjonar og arbeidsplassar i havbruk og er gjennomført av
I tillegg viser undersøkinga at hovudgrunnane til sjukefråvær i næringa er bekymring for belastingsskadar og ulykker.
– Denne kunnskapen kan brukast til å sette i verk målretta tiltak som kan redusere risiko for helseplager, sjukefråvær og fråfall, står det i ein artikkel på heimesidene til Sintef.
Sintef fekk i alt 447 svar frå tilsette i næringa i samband med undersøkinga. Dei har mellom anna snakka med tilsette på servicefartøy, driftsteknikarar og driftsleiarar.

Publisert: 04.10.2019 12:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32